I’m like a tumbleweed in a wild west Texas wind

Vel heime i gamlelandet er det på sin plass med ei lita oppsummering.

Vi starta i Orlando Florida, der Kenneth og hans Peter Pan slapp oss inn i Disneyworld og eg fekk snakka litt med Askepott om muffinsbaking.

Florida – Alabama – Mississippi – Louisiana

Etter 10 timar på vegen med lytting til Tåpenes sammensvergelse av John Kennedy Toole («Du kunne forstå av måten han snakket på at han måtte ha gått svært lenge på skoler. Det var kanskje det som feilte ham.«) og nynning til skilt, kom vi fram til New Orleans.

Der budde vi i det franske kvartalet med fantastisk arkitektur og uteliv. Det var litt rart å liggje i senga og høyre ein musikkspelande hest gå forbi rett utanfor døra, men veldig.. sentralt hotellrom, då.

Etter eit litt for langt stopp på Hobby Lobby som mellom anna involverte pastellfarga juletrepynt, kom vi fram til det sjarmerande, viktorianske huset til Jerry og Mary i Texas.

Derifrå køyrde vi austover igjen, men lenger nord.

Texas – Louisiana – Arkansas – Tennessee

Vi hadde både gode og ikkje fullt så gode opplevingar med sørstatsmaten på Maglieaux’s Riverfront Restaurant før vi sjekka inn på det luksuriøse hotellet dei kallar The Guesthouse at Graceland.

Etter å ha sett korleis det såg ut heime hos Elvis, tok vi eit stopp på Burgers and Stuff og gjekk på countrykonsert i The Grand Ole Opry House i Nashville.

Neste etappe gjekk frå Nashville, Tennessee til Asheville, North Carolina, via Kentucky (fried chicken) og Virginia.

Det var den dagen uvêret Nate herja, så alt vi såg av Virginia var like vått som dette biletet.

Etter å ha sett på slottet i Asheville (som eigentleg var Amerikas største «hus», og ikkje hadde spor av kongelege), reiste vi vidare på R.E.M.-sightseeing og var veldig nøgde med at vi unngikk parkeringsbot i forsøket på å gjenskape viktige motiv frå 80-talet.

North Carolina – South Carolina (smiling faces – beautiful places) – Georgia (state of adventure)

Etter å ha testa magemålsgrensene våre på Coca-Cola sin dispenser-buffé i Atlanta køyrde vi attende til Orlando med tissepause kvar halvtime, og så flaug vi heim.

Thank you for visiting colabr.us! Veit ikkje når neste innlegg vil komme, eller kva det vil handle om, men USA er ikkje eit land vi er heilt ferdige med enno.

This entry was published on 22. oktober 2017 at 08:44 and is filed under Uncategorized. Bookmark the permalink. Follow any comments here with the RSS feed for this post.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: