Om oss

Colabrus og palmesus 2017

Haustferie i Sørstatane med turar til Disneyworld, New Orleans, Graceland og Nashville. Og Coca-Cola-muséet i Atlanta.

Convoi Exceptionnel 2015

I 2015 fyller Norsk 2cv-klubb 50 år. Klubben ble stiftet på Frognerseteren i Oslo en hustrig januarkveld i 1965, 25 personer hadde møtt opp for å danne dette fellesskapet, «fordi mennesker som kunne finne på å kjøpe en så rar bil i dette litt ugjestmilde landet – sikkert kunne komme til å behøve litt hjelp og støtte en gang i blant».

Så i år skal bilen, frua, mannen og svigerfaren ut på jubileumstur i dette litt ugjestmilde landet, samen med ein flott gjeng som er til stor hjelp og støtte.

Årets bil
I år køyrer vi ein kvit 83-modell, kjent frå vignetten og første episode av tv-serien Mellom bakkar og berg. Har ein del nykker som tv-stjerner flest, og ville ikkje starte ofte nok til å få bli med i resten av tv-serien. Men no kryssar vi fingrane for at Tricolor verken tek inn for mykje vatn når det regnar eller blir like vanskeleg å vekke om morgonen som 2cvfrua.

USA 2013

Lincoln Highway fyller 100 år i 2013. Derfor var det nokon som foreslo at vi skulle samle 100 skandinaviske bilar og køyre alle dei 3389 milesa (5454 km) frå Times Square i New York til Lincoln Park i San Francisco. Detaljane kan du lese her: http://www.lh2013.com/

Bilen
Liten, raud 2cv frå 1987 med 29 hk. Har vore ein del rundt omkring i Europa, men dette er den første turen til USA.

Frua
Kraftig, rosa 2cvfrue frå 1985 med ca 0,1 hk. Har vore ein del rundt omkring i Europa, men dette er den første turen til USA.

Mannen
Det var hans ide.

Svigerfaren
syntes at dette var ein så god ide at han ville bli med han og. 2cvfrua set pris på at han skal køyre ein leigebil med aircondition.

Advertisements

One thought on “Om oss

  1. Pappa on said:

    Då får dokke ha ein god tur. Pass no endeleg godt på han svigerfar og ikkje miss hans undervegs…..

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: