Dag 5: Så, kva gjer ein eigentleg på cruise?

Medan vi er ute til middag får vi levert kveldsavisa med aktivitetstilbod, og eit nytt handkledyr på den nyoppredde senga (ja, dei rer opp sengane to gongar om dagen her, så eg går ut i frå at det er meininga at ein skal sove på dagen også).

Appen fortel om ulike typar aktivitetar. Viss ein vil gå på typisk hotellrestaurant eller buffé er det inkludert i prisen, for eit tillegg kan ein ete meir fancy og gjere det til ei oppleving. På kveldane er det fleire ulike show å velje mellom til forskjellige tider, men til saman ikkje fleire enn at du rekk å få med deg alle i løpet av veka viss du vil.

SShoppinga har eigentleg vore litt skuffande. Det er veldig mange butikkar for designvesker, designklokker og designdiamantar og eit dekk for kunstauksjonar, men ingen butikkar for sjokolade. Og når eg ser meg rundt  så ser eg i grunn mange fleire av den typen ein reknar med å finne på Narvesen enn den typen ein finn på kunstgalleri. Men det blir spennande å sjå om eg får diamant til bursdagen!

Det er også kasino ombord, der det er lov å røyke. Alle får $2 å gamble for, vi har hittil vunne $95.82, som dekkar ein liten del av spa-utgiftene mine.

Advertisements
This entry was published on 14. februar 2019 at 17:14 and is filed under Uncategorized. Bookmark the permalink. Follow any comments here with the RSS feed for this post.

One thought on “Dag 5: Så, kva gjer ein eigentleg på cruise?

  1. Spørs om vi må starte ei FB innsamling for å løyse deg ut…… frå eventuell spelegjeld meiner eg….

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: