Slottet i Asheville

Eit palass frå 1895 med bruttoareal på 16,622.8 m2, 250 rom, 34 soverom, 43 bad og 64 peisar. Dei hevdar at dei heng opp julestrømpe ved alle, ettersom dei ikkje veit kva peis julenissen vil velje.

Eit stort palass må ha eit stort bibliotek. Og takmåleri.

Takmåleriet i biblioteket skildrar Aurora, som i romersk mytologi var gudinne for morgongryet. Ho jaga vekk mørkeret og gjorde plass til bror sin, sola.

Vi lånte ein rullestol i dag, noko som og gjorde at vi fekk testa den over 100 år gamle heisen.

Anar ikkje kven som er måla her, men synes at det var så fint. Eg håpar litt at det er dottera i huset.

Herr Vanderbilt sitt soverom.

Fru Vanderbilt sitt soverom. Det var ikkje fordi dei ikkje sov saman at dei hadde separate soverom, men på grunn av påkledningsrutinene. Det passa seg ikkje at mannen var vitne til påkledninga, noko som var ein omfattande operasjon som involverte fleire tenarar.

Bowlinghall i kjellaren. Alt er laga av tre, og ein tenar vart brukt til å sette opp kjeglene og komme attende med bowlingkulene.

Svømmebasseng hadde dei òg. Men dei hadde ikkje kjemikaliane vi har, så etter eit par dagar måtte dei tømme bassenget for å unngå ein valdsam bakterievekst. Så måtte dei fylle det igjen neste gong dei skulle bade.

Tomta er 6950.4 acres, noko eg trur er ca 28 000 mål.

OG SÅ SÅG VI EIN BJØRNEUNGE!

This entry was published on 9. oktober 2017 at 23:49 and is filed under Uncategorized. Bookmark the permalink. Follow any comments here with the RSS feed for this post.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: